Farfars Svalbard

21. mai 2025

Fortalt av

Margit Lovise Holte

Ulstein,  februar 2025

Johan Holte f. 29. august 1904, d. oktober 1986.

 

Farfar Johan var 29 år då han våren 1933 mønstra på eit arbeidslag i Ålesund med Polarbjørn for å sette kursen mot Kapp Linnè på Svalbard for å sette opp Isfjord Radio.

Johan hadde drive sjøen som fiskar sidan etter konfirmasjonen, og han var også bygningsmann som kunne snikre. Han var ein roleg og fredsæl type som gjekk for å arbeide godt ilag med andre.

 

Far hans Jørgen Holte arbeidde i fyrvesenet og fekk høyre om denne turen. Johan søkte og fekk plass ilag med to andre frå Folkestad i Volda kommune; Knut Nautvik og Petter Kongsvoll. Dei hadde erfaring med å sette opp fyr og var sjøsterke. Dei mønstra på ilag med resten av arbeidslaget i Ålesund og segla opp langt norskekysten til Tromsø.

Polarbjørn var merka M12HD – og Jørgen Holte, min far, meiner det indikerer M for Mørebåt  – H D for Hareid eller Vartdal. I Tromsø lossa dei båten full av material til bygging.

Båten var så fullasta at dei vart liggande i Tromsø ei veke for å vente på godt vær og fordi isen ikkje hadde gått på Kapp Linnè. Pappa meiner dei reiste frå Sunnmøre i april/mai, men dette veit vi ikkje sikkert. Men vi veit at dette store oppdraget var flott å få for farfar som lenge hadde lyst å gifte seg med mi farmor Lovise. Eit så langt oppdrag som varte mest eit halvt år, gjorde det var mogleg og dei gifta seg 22. november 1933.

Då dei kom til Kapp Linnè var det ingenting som venta dei. Farfar sa heile tida seinare i livet når noko var krevande; « Jaja dette var no ingenting mot det vi møtte på Svalbard». Farfar fortalde dei måtte bruke dorry/ småbåt for å prøve kome seg til land. Og det gjorde dei fyrste gongen ved å ta seg inn på grunna på sanden nedanfor fyret. Dei rei på ei bølge og traff sanden. Så måtte dei byrje med å sette opp det farfar kalla ei barakke- dvs ei brakke- som dei kunne bu i. Alle material måtte fraktast i småbåtar medan Polarbjørn låg på svai der utanfor.

 Han fortalde at arbeidsformannen var klok og hadde tatt med alt mogleg dei kunne tregne, både sement og sand, gode vertøy og samt material til alt dei trengte til dette oppdraget.

Byggelaget hadde sett opp fyr langs norskekysten og var vand med dårleg tilkomst og barske forhold.

Tundrafrosten var ny erfaring, og dei måtte tenke korleis huset kunne vere sett saman/ spikra saman som kvilande på plankar og ikkje berre på grunnmur. Fyrhus var ofte doble og triple spikerslag for å halde i røff vind og vær.

 

Pappa meiner dei bygde kran og heiste opp material med – også dei små båtane kalla dorry vart ofte heist opp på land. Og dei laga kai/ brygge eller forsøk på kai( sjå bilda). Om Polarbjørn var inntil kai, veit vi ikkje sikkert.

 

Kran måtte dei også bruke for å bygge fyret( sjå bilda). Pappa hadde ikkje hørt noko om eit dødsfall.

Men isbjørn var det overalt. Farfar fortalde dei måtte sikre seg med våpen, og at dei også var redde at isbjørn skulle slå ned husa dei bygde før dei vart solide nok. Farfar kjøpte også eit par ski- svalbardskia som han kalla det – solide, breie treski som var laga der. Dette indikerer at arbeidslaget kanskje har vore til Longyearbyen, eller fått besøk derfrå. Dette kunne ikkje pappa huske sikkert, men var sikker i at skia kom frå Svalbard.

Farfar snakka alltid om lyset på Svalbard. Det var noko heilt for seg sjølv.

Og naturen, faunaen, luktene og sjølvsagt isbjørnen.

Som lita jente hugsa eg det skulle være heilt stilt når farfar sat seg ned ved radioen og hørte Fiskeribølgen. Isfjord Radio fulgte han resten av livet, og historiene kom gjerne etter han hadde hørt om vind, vær og båtar som var nær Svalbard.

Farfar kom heim frå Svalbard, gifta seg og tok over heimegarden, og arbeidde deretter som fyrvaktar- assistent på Rødholmen fyr utanfor Brattvåg i Ålesund under krigen. Med sitt fredsæle vesen hadde dei til oppgåve å halde lys i fyret, men som mange andre fyr fungerte dei ofte som transit for overfart til England. Farfar var heime somrane og på fyr om vintrane og fekk 5 barn med Lovise frå 1935- 1944.

Pappa Jørgen var på Svalbard på 80 talet, og tilbake til Longyearbyen på sin 60 årsdag i mai1994. Han har flydd med helikopter over Isfjord Radio – men aldri vore ned. Han skulle på tur ut dit, men været var for dårleg.

Difor var det stor stas når det lukkast meg å dra ut ein dagstur juni 2024, 91 år etter sommaren då min farfar var der og bygde den fyrste stasjonen på Isfjord radio. Kvelden eg var der var det utsøkt mat og prat, og eg satt til bords med ein jazz- duo frå Tokyo som hadde konsert i båthuset seinare på kvelden. Dei vart berørt av min fortelling om farfar, og dedikerte konserten samt kvelden til hans minne. Det var magisk, tårene mine trilla og eg la att noko av mitt hjarte på Isfjord Radio slik min farfar gjorde.

Dagen etter vakna vi til… isbjørn…og etterpå isbadJ